Ein skal ikkje vere redd for å gå svolten på ein festival på Viksdalen. I pausenmellom debatten og kulturkvelden vert det enkel servering i teltet. På kulturkvelden på Bedehuset vert det tradisjonen tru servert kaffe og kaker. I tiltet vil det verte servert snacks og drikke i teltet frå kl. 19.00 - 01.00.
Laurdagen startar vi med ein kostnadsfri landbruksfrukost i teltet, medan vi drøftar framtida for det vestlandske landbruket med. Teltet vil vere ope heile dagen med servering av kaffi, kaker og snacks, før grillkokkane kjem på på plass kring 12.30 og fyrer opp grillen. Då vert det servert pølser, hamburgarar og om lag den same nydelege hjortetallerkenen som dei serverte i fjor. I år har vi ein heil hjort til rådvelde!
Laurdag kveld på Sentrumsfesten vil det verte høve til å kjøpe ein tapaspakke frå Eldalstunet. I tillegg vil vi selje pølse med brød og snacks. Ingen treng altså å gå svolten heim laurdag.
Søndag har Tuftegarden lova oss at det skal vere kanelsnurrar og kaffi tilgjengeleg. Vi gler oss!