Fredag 26. juli

Debatten

Viksdalen skule, kl. 1100.



Bakgrunn
I det lokale bygdeutviklingsarbeidet og arbeidet med ny sentrumsplan, i regi av Viksdalen Nærmiljøråd (VNR) og kommunen, vil lokal identitetsbygging stå sentralt.


Opplegg og formål

Gjennom konkrete eksemplar, både på stedsnivå og prosjektnivå, blir det to-delte debatttema belyst. Konkret og generelt. Kanskje mest på tema «identitetsbygging». Håslåttfestivalen tek ikkje ansvar for at det kjem spesifikke resultat ut av arrangementet «Debatten». Håslåttfestivalen har ikkje den rolla. Vi er dagsordensettere og vil belyse ulike samfunnstemaer. På 2024-festivalen blir debattdelen tona ned, i forhold til dei to foregåande festivalane. Vi avsluttar med ei samtale mellom nokre innleiarar og salen.


Program

Lokal identitetsbygging


11:00 Velkommen og om kvifor vi har debatt-arrangement på Håslåttfestivalen. Ved Erik Espeset, komitémedlem
         Om debattema og opplegget for debatten. Ved Tore Berg, festivalkoordinator og debatteleiar

11:10  Lokal identitetsbygging i Viksdalen. Kvifor? Ved Torstein Hatlestad, leiar Viksdalen Nærmiljøråd. Viksdalen har sett styrking av               lokal identitet på dagsorden. Kvifor?

11:25 Identitetsbygging på stedsnivå. Ved Ida Stuberg, tidlegare mangeårig ordførar i Inderøy kommune Viksdalen har sett styrking

         av lokal identitet på dagsorden. Kvifor?
12:00 Strategisk identitetsbygging på kommunenivå. Ved Dag Inge Bruflot, dagles leiar InnoVangsjon som har utmerka seg med eit

          langvarig og strukturert arbeid på få områder, og med spenstig organisasjonsform.

12:35 Videoinnslag

12:40 Merkevara Sunnfjord – blir bygdene med? Ved eit styremedlem i Sunnfjord Utvikling. Merkevaresatsing har betydd mykje fleire            stadar. SU arbeider med kva Sunnfjord er og få fram kvifor det er ein god region å flytte til?

13:00 Lunsj

13:30 Er merkevarebygging i ei virksomheit overførbart? Ved Sigurd Årskaug, Flatheim gardshotell. Etter årevis med systematisk

          arbeid blei Flatheim i vinter eitt av landets Historiske hoteller.


Bygdene anno 2050 - framtidsscenarier for bygde-Noreg


13:50 Distriktspolitikk for ei ny tid. Ved Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre.
          Tradisjonell distriktspolitikk har ikkje klart å stoppe fråflyttinga frå distrikta. Vi må tenke heilt nytt om vi skal klare å snu denne              utviklinga.
14:05 Bygde-Norge – eit framtidsscenario. Ved Mathias Fischer, leiar Tankesmia Initiativ Vest. Vert bygdene til aldersheimar eller kan

          vi skape ny giv i distrikta? Om utfordringar og muligheitar for å utvikle heile Vestlandet.
14:25 Kort pause

14:30 Samtale mellom nokre innleiarar og deltakarar frå salen. Ved Tore Berg.

14:55 Avslutning


Stad: Viksdalen skule
Billettar: Gratis
Mat, servering: Sal av lunsj

Kulturkveld

Bedehuset, kl. 1900


Til årets kulturkveld er vi så heldige å ha fått med oss juristen, folkerettseksperten og samfunnsdebattanten Cecilie Hellestveit. Med røter i Sunnfjord og Sogn, var det eit naturleg val å vende seg til henne då vi skulle hente inn årets kåsør. Ho tek turen opp frå sommar-Balestrand. Ho vil kåsere om Vestlandet og plassere vår region, som stor energiprodusent, både nasjonalt og internasjonalt. Kåseriet varer ein time.


Dette er kvelden der vi dekker kakebordet, så mellom foredraget og konserten, vil det verte servert kaffi og sett fram eit viksdalsk kakebord - og det skal vere nok til alle.


Odd Erik Lothe kjem frå kjøllesdale i Stad kommune. Han slo igjennom med bandet Fabel, og kven har ikkje høyrt songen "Jordbær og grasbrann" strøyme frå radioen ein sommardag. I tillegg til Fabel, har han vore fast inventar i bandet Finn-Erix, saman med Finn Tokvam, Halvor Folgerø - og siste året, Olav Stedje. Musikken han skriv og framfører er ofte knytt til Nordfjord og Vestlandet, og saman med Line Dybedal har han skapt ein eigen nordfjordsound i popverda, medan rockaren Lothe har fått spele seg ut i bandet Green Granadas. Fredag 26. juli står han åleine med kassegitaren på scena i Bedehuset og skal synge og spele oss inn i festivalnatta. Det blir vakkert.

Festivalkveld i teltet

Festivalteltet kl. 20.00 - 01.00


Her skal det skapast god festivalstemning ved hjelp av god musikk og godt selskap i teltet. Dette er kvelden då ungdom i alle aldrar møtest til eit hyggjeleg samvære der det lett kan leie til dans etter ei tidlaus speleliste av Dj Strøm. 

Dj Strøm kan å skape stemning med musikk. Oppdraga hans er alt frå elevkveldar på skular, via toppseriearrangement i volleyballen, til store afterskiarragement på dei store utfartsstadane i Noreg. Han kjem nok til å møte viksdølene heime. Vi gler oss!



Laurdag 27. juli

Kunstutstilling

Bedehuset, laurdag 27. og søndag 28. juli.


Årets kunstutstilling er eit samarbeid med Sunnfjord Kunstlag. Dei rår over mykje interessant lokal kunst i deira samling som dei veldig gjerne vil vise rundt om i distriktet. Håslåttfestivalen bidrar til det.

Sunnfjord kunstlag har ei breitt samansett samling av kunst laga i og av sunnfjordingar fram gjennom tidene. Deler av denne samling vert vist fram i Bedehuset under festivalen.



Landbruksfrukost

Festivalteltet kl. 10.00


Eit nytt arrangement på Håslåttfestivalen 2024. Det blir servert god frukost, levert av samarbeidsaktørar i landbruksnæringa.

Men største godbiten blir eit 40 minuttars foredrag av Nils Vagstad. For mange sunnfjordingar er Nils, som kjem frå Flekke, kanskje mest kjent som saksofonisten i 70- og 80-talets legendariske danseband «Odd Gunnars». Eller vektløftaren på nasjonalt nivå, som starta karriera i gymnastida i Florø. Men Nils Vagstad kjem til årets Håslåttfestivalen som mangeårig forskningsdirektør og adm. direktør i NIBIO, Norges største forskningsinstitutt innen bioøkonomi som forsker og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressurser, skog, foretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.


Nils Vagstad vil trekke opp ein del perspektiv på det som skjer i den store verda, og i den «nære verda» rundt oss, som beskrive kor grunnleggande viktig landbruket og matsikkerhet er for utviklinga i samfunna - ja «krig og fred» - og beskrive dei store linjene i kva som faktisk er i spel. Samtidig vil han tilbakekoble det til kor fundamentalt viktig det er å ha eit levedyktig landbruk i Norge, på Vestlandet og i distrikta generelt. Og i den samanheng – kor viktig rolle bonden har – og sette den rolla inn i ein anna type samfunns- og politisk kontekst enn det Trygve Hegnar og andre gjer. Vagstad vil komme inn på ein del (historiske) utviklingstrekk - i heile landet, Vestlandet inkludert – som beskrive den veldige utviklinga dei siste 50 åra – og som få tenker over – når ein diskuterer produktivitet, miljø, klima etc - og som er særleg relevant for vestlandslandbruket. Vidare vil han kommentere ein del utsagn, påstandar og haldningar til bønder og landbruk som florerer og er med å sette dagsorden i samfunnet. Naturlegvis vil han då komme inn på både klimadiskusjonen og kosthaldsdiskusjonen, i og med den har grunnstrukturen i Vestlandslandbruket (kua og sauen) som skyteskive.  Ut av alt dette – vil han dra ut essensen i kor fundamental rolle bonden/vestlandsbonden har i samfunnet – kor viktige dei er for deg og meg, og kvifor samfunnet må sette pris på den jobben dei gjere med å sikre oss den maten vi treng og dei levande bygdene vi har og som vi ynskjer oss. 


Stad: Festivalteltet 
Tid: Laurdag 27.7.2024 kl 10
Mat: Servering av frukost og meieriprodukter.



Rein måleglede med Huldri


Huldri – Helena Bremer, inviterer alle barn og unge ungdommar til rein måleglede på årets Håslåttfestilval. Ho lovar at ho saman med barna skal lage Sunnfjords største utandørsmåleri. Kanskje vi kan få det utstilt på ein sentral plass på Viksdalen i etterkant? Om dei minste treng ein pause i målearbeidet, er det og høve til å få måla fjeset òg. Dette blir ein fest i fargar og lett humør – som Huldri sjølv. Huldri har med seg alt som trengst.


Tid: Laurdag 27. juli kl. 1200 - 1430
Stad: Ved eller i Bygdetunet
Billett: Gratis



Glad ettermiddag i Vikja

Festivalteltet kl. 1200 - 1630. Program frå kl 1430.


Dette er dagen og tida for å møte alle andre som deltek på festivalen; fastbuande, hyttebuande, heimkomne, eller rett og slett berre vener av Viksdalen. I festivalteltet skal den gode samtalen og eit godt måltid stå i fokus. Dette skal lett blandast med ulike typar innslag, godt samansett og leia av Ole Johannes Øvretveit.  Du får samtaler med Svanhild Oppedal, Jenny Følling - og musikk av Ingvar Hopland frå Florø. Kanskje ligg det ein teiknekonkurranse med Huldri i lufti denne ettermiddagen? Den store finalen er sjølvsagt når komiteen delar ut årets festivalpris. Kven får den i år?


Om vêret klaffar vil vi og få besøk av kring 20 fallskjermhopparar i formasjonshopp og landing i Vikja. Det blir spektakulært - rett og slett.


Sentrumsfest
Festivalteltet i Vikja, kl. 2000


Sentrumsfesten er eit av hovudarrangementa under festilvalen, og tek mål av seg til å vere ein møtestad for fastbuande, hyttebuande og utflytte viksdøler. Det er denne kvelden gammal vennskap skal gjennoppstå og nye minne vert skapte. I år vil teltet blir større og betre enn tidlegare år, så her skal vi romme alle som vil ha seg ein hyggjeleg kveld på Viksdalen.


Om Håslåttfestivalen har fått seg eit fast festivalband, må det vere bandet VI2. Bandet består av Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen, men ofte inviterer dei med seg musikkvener og VI2 blir til VI3. Vi er svært glade for at dei har takka "ja" til eit tredje år på festivalen - så er vi spente på om det blir VI2, VI3 eller VI2 med....


VI2 spelar musikk over mange sjangrar, og spelelista vert kjenneteikna med at den får dansefoten til å røre på seg, og at humøret hjå publikum er strålande heile kvelden gjennom. Her kan du forvente deg kjende slagerar frå dei siste 6- 7 tiåra, og noko for ein kvar alder.


I festivalteltet vil det bli servert mat og drikke til langt ut i dei seine nattetimane, så ingen skal vere svolten når vi ruslar heim ein grytidleg søndag morgon.

Søndag 28. juli

Festivalgudsteneste

Viksdalen kyrkje, kl. 1100


Eitt av Håslåttfestivalen sine mål er å foreine vår tid og historiske tradisjonar. På kva stad kan det skje bedre enn i kyrkja?

Vi er derfor veldig glade for å kunne tilby Festivalgudstjeneste i 2024 også. Det skjer i samarbeid med Sunnfjord Kyrkjelege Fellesråd/Gaular sokn. Liturg er Frode Skeie.

Thea&Sigurd med band deltek. Thea Eidsvåg og Sigurd Espeseth Kaslegard er kjende som musikkansvarlege i Oslo Østre Frikirke, og opptrer på festivalen sin avslutningskonsert på Tuftegarden søndag ettermiddag.

Hetlesaka

Hetle og Hetlestølen


Det historiske arrangementet på Håslåttfestivalen 2024 er Hetle-saka. Kriminalsaka på Viksdalen, tidleg i forrige århundre, som har blitt landskjent. To blei dømt for drap av ein nabo, men på indisier. Først 37 år etter dommen erkjente rettsvesenet at det var begått justismord. Historikaren og forfattaren Gaute Losnegård fortel om saka. Det skjer på Hetle, i tunet på garden til den som blei funnen død.

Etterpå blir det anledning å gå turen til stølen, kor ein passerer funnstaden. Arrangementet vil vere avslutta i god tid før avslutningskonserten på Tuftegarden kl 16 .


Tid: søndag 28. juli kl 12:30 (varigheit 1 time eller 3 timar)
Gratis

Kunstutstilling

Bedehuset, laurdag 27. og søndag 28. juli.


Årets kunstutstilling er eit samarbeid med Sunnfjord Kunstlag. Dei rår over mykje interessant lokal kunst i deira samling som dei veldig gjerne vil vise rundt om i distriktet. Håslåttfestivalen bidrar til det.



Avslutningskonsert

Tuftegarden, kl. 1600


Håslåttfestivalen sin avslutningskonsert har både i 2022 og 2023 vore verdige avslutningar på varierte festivaldagar.

I år er det Thea&Sigurd med band som gjestar oss. Thea&Sigurd er ein Oslo-basert visepop-duo – men det må vere lov å nemne at Sigurd sine besteforeldre på morssida er begge frå Viksdalen – med eit sårt og nært uttrykk.

Med deira personlege tekstar og historier, ynskjer dei å nå ut til akkurat den som trenge det og skinne lys, slik at ein ikkje er åleine.

Duoen garanterer koseleg stemning og tårevåte auger.


I ryggen har dei eit eineståande band med Ingvild Østby på bass og trumpet, og Idar Rolland på trommer og piano.

Her er deira versjon av «Both Sides Now», originalt Joni Mitchell; https://fb.watch/paqgseQfT2/


Thea Eidsvåg og Sigurd Kaslegard begynte å skrive saman våren 2021, og har sidan den tid spelt fleire konsertar, m.a. med fullt Kulturhuset i Oslo. Dei har vore lista på New Music Friday.

Etter 2 år på utsøkte Flatheim gardshotell, er Avslutningskonserten 2024 flytta til hyggjelege Tuftegarden 4H-gard med vakre Råheimsdalen som ramme.

Bill.: 150 kr / gratis under 18 år eller festivalpass for 3 arrangement (billettsalet startar etter påske)



Følg oss på sosiale media