
Iren Reppen på Håslåttfestivalen
Søndag 26. juli rundar vi av Håslåttfestivalen med ei heilt spesiell konsertoppleving på Tuftegarden. Skodespelar og songar Iren Reppen, saman med pianist Einar Torbjørnsen, tek oss med inn i det musikalske universet til den folkekjære visedikteren Terje Nilsen. Med varme, humor og sterke tekstar blir dette ei vakker hyllest til ein av Noregs mest særmerkte visekunstnarar – og ei verdig avslutning på festivalhelga. Billettar kan du kjøpe her: Håslåttfestivalen 2026 – 23. juli 2026 – Håslåttfestivalen
30. juni 2026
.jpg?etag=%22W%2F511c-19eb02855f0%22&rotate=0)
Kyrkjekonsert med Paal Flaata på Håslåttfestivalen
Vi feirar femårsjubileumet vårt med å arrangere vår første kyrkjekonsert på Håslåttfestivalen, torsdag 23. juli. Paal Flaata er ein av landets mest markante vokalistar, kjend for ei særs vakker, nær og uttrykksfull stemme som verkeleg grip publikum. Han slo gjennom som frontfigur i det kritikarroste bandet Midnight Choir på 1990‑talet, før han etablerte seg som soloartist med ei rekkje sterke plateutgjevingar og eit stort konsertpublikum. Gjennom meir enn 25 år på scena – dei siste rundt 20 som soloartist – har han gitt ut ei rekkje album som har gitt både Spellemannpris og fleire Spellemann‑nominasjonar, og han blir ofte løfta fram som ein av Noregs aller fremste vokalistar. Flaata er særleg kjend for sine tolkningar av andre sine låtar, frå amerikanske låtskrivarar som Townes Van Zandt, Mickey Newbury og Chip Taylor, og for sterke kyrkjekonsertar og julekonsertar som har fått eit nesten kultaktig publikum. Med si varme, filmatiske blanding av country, americana og melankolsk pop skap
10. juni 2026

Vil du sikre deg billett på Håslåttfestivalen?
Tenk deg at du sit heime ein kveld i juli, medan Paal Flaata spelar og syng i kyrkja. Det ville ikkje vere bra. Eller om du fredagskvelden ikkje får med deg konserten til Lars Klevstrand i Annahuset, fordi den er utseld? Dette kan du sikre deg mot, og til og med spare nokre kroner, om du kjøper såkalla Early Bird-billettar. Vi honorerer dei som er tidlege med å kjøpe billettar med eit skikkeleg avslag i prisen, men då må du kjøpe billettane før 1. juni. Billettane kjøper du her: Håslåttfestivalen 2026 – 23. juli 2026 – Håslåttfestivalen
10. mai 2026

Programslepp
Tysdag 31. mars er det programslepp. Her presenterer vi årets artistar...
31. mars 2026
.png?etag=%22W%2F1de7bc-68824fd3%22&rotate=0)
På Pub ein torsdagskveld?
Når teltet først står oppe og vi i komitéen er superklar. Ja, då opnar vi det! På teltpuben opptrer Egil Hjorteset, frå Nittedal. Egil er ein svært erfaren og anerkjent trubadur som spelar alle dei store norske allsanghitane, CC Cowboys, Dum Dum Boys, Jokke, Teigen med flere. Han er vokalist i fleire band, for voksent publikum, men også for barn. Bl.a det 12-mann store Soulbandet The Session, noko som borgar for god vokal og ein flott musikalsk pubkveld. Ein kveld med Egil er ikkje alltid lett å forutsjå, det kan bli mykje irsk, ei dose soul, ein hitparade med allsong, eller alt på ein gong! Ja, Egil slektar frå Hyen..... Festivalen er eigentleg frå fredag til søndag. Men teltet blir rigga onsdag, og står der. Derfor tilbyr vi ein tjuvstart i form av ein t e l t p u b (vi har også tjuvstart på søndag og tirsdag med dugnad på Fossestien.....) La oss samle så mange som mogeleg til opplading. God stemning, tull og kanskje livemusikk står på menyen. La det bli lått og løye i godt lag. Perf
24. juli 2025
.png?etag=%22W%2F207d90-688246fb%22&rotate=0)
Mest for barna - i Vikja
Laurdag er det "Glad ettermiddag i Vikja". Kanskje litt mykje vaksenprat? Men, nei. Dei supre frisørane Alise og Kristine har drop-in i Bygdetunet frå kl. 13.00. Dei har med seg både kappe og kam og er klar for å punte sveisen både på gutar og jenter, med kort og langt hår. - Og forresten, er du ein ivrig sjakkspelar, kan du prøve deg i spel mot sjølvaste Hans Olav Lahlum. Han er klar i teltet kl. 12.00! Altså, Vikja er plassen laurdag.
24. juli 2025